Kamp ved Leirlid bro, Åmot
Sekondløytnant Thor Olaf Hannevig reiste motstanden i Vinje, etter at offiserene på Heistadmoen overgav seg uten kamp. Hannevig samla soldater og våpen, og hadde hovedkvarter i Vinjesvingen.
Kampen ved Leirlid bro 4 mai 1940 var den tredje kampen for Hannevigs soldater. Ein stor tropp med tyske soldater kom frå Høydalsmo over Leirlid bro, der som Forsvarsmuseet i Vinje nå ligg.
Dei kom marsjerande mot Åmot. Her låg norske soldater å venta. Tyskerane hadde tatt ein gammal mann frå Åmot, som levande skjold. Han gjekk foran soldatane. Nordmennene begynte å skyte når dei tyske soldatane kom ut på Leirlid bro.
Nordmannen som var tatt som levende skjold klarte å rulle seg ned i grøfta og kom seg unna. Kampen gjekk over fleire timar og fem tyske soldatar falt.
Ingen norsk soldat falt i kampen ved Leirlid bro. Men ein av Hannevigs frivillige Håkon Bergan vart skoten av tyske soldatar. Bergan hadde eit sjåføroppdrag for etterretningssjefen i Hannevig styrken denne dagen. Bergan gjekk i sivile klær.
Når han kom tilbake frå sitt kjøyre oppdrag møtte han den tyske styrken, og vart dessverre skoten like ved Leirlid bro den 4 mai 1940. (kilde: Vennelaget for Forsvarsmuseet i Vinje)