Kamp ved Leirlid bro, Åmot

Fra KrigsKart.no
Revisjon per 31. mai 2023 kl. 17:57 av Enigma (diskusjon | bidrag) (Robot: Automatisk import av artikler *** erstatter eksisterende tekst ***)
Kamp Leirlid bro i Åmot, Vinje 4 mai 1940
Bygningen midt på foto er Forsvarsmuseet i Vinje, til høgre Leirlid bro. Broa er nå gang- og sykkelveg ved sida av E 134.

Kamp ved Leirlid bro i Åmot 4 mai 1940

Sekondløytnant Thor Olaf Hannevig reiste motstanden i Vinje, etter at offiserene på Heistadmoen overgav seg uten kamp. Hannevig samla soldater og våpen, og hadde hovedkvarter i Vinjesvingen. Kampen ved Leirlid bro 4 mai 1940 var den tredje kampen for Hannevigs soldater.
Ein stor tropp med tyske soldater kom frå Høydalsmo over Leirlid bro, der som Forsvarsmuseet i Vinje nå ligg. Dei kom marsjerande mot Åmot. Her låg norske soldater å venta. Tyskerane hadde tatt ein gammal mann frå Åmot, som levande skjold. Han gjekk foran soldatane.
Nordmennene begynte å skyte når dei tyske soldatane kom ut på Leirlid bro. Nordmannen som var tatt som levende skjold klarte å rulle seg ned i grøfta og kom seg unna. Kampen gjekk over fleire timar og fem tyske soldatar falt. Ingen norsk soldat falt i kampen ved Leirlid bro.
Men ein av Hannevigs frivillige Håkon Bergan vart skoten av tyske soldatar. Bergan hadde eit sjåføroppdrag for etterretningssjefen i Hannevig styrken denne dagen. Bergan gjekk i sivile klær.
Når han kom tilbake frå sitt kjøyre oppdrag møtte han den tyske styrken, og vart dessverre skoten like ved Leirlid bro den 4 mai 1940.
(kilde: Vennelaget for Forsvarsmuseet i Vinje)
Se i Kartet