Fjell Festning Museum

Fra KrigsKart.no

Fra museets egen nettside: Fjell festning er del av Museum Vest, ein konsolidert museumsorganisasjon. Fjell festning blei vedtaksfreda av Riksantikvaren i 2004. Eigarstiftinga Fjell festning eig gjenstandssamlinga og sjølve museumsbygget. Museet vert elles drifta av Museum Vest. Innanfor eit område på omlag 60 mål ligg store delar av den indre festningskjerna. Dette, saman med det freda underjordiske anlegget, gir Museum Vest høve til å formidle eit av dei mest komplette festningsanlegga frå den andre verdskrigen. Museum Vest har i samsvar med ein samarbeidsavtale med Fjell kommune og Stiftinga Fjell Festning, fagleg og driftsmessig ansvar for museet på Fjell festning. Fjell festning er og ein del av ei større europeisk forteljing frå den andre verdskrigen. Som eit av få frittståande festningsanlegg og så nær ein større by, er Fjell festning unik. Besøkande frå heile Europa har sidan opninga i 2008 latt seg imponere av autensiteten til festninga. Se i Kartet