Fristaden Førre

Fra KrigsKart.no

I aprildagane 1940 flykta den engelske konsulen Thomas Spencer med følgje på i alt 11 personar til Førre, og fekk skjul der i fleire veker. Seinare vart dei smugla vidare til Bømlo og England. Fleire førrefolk var aktive i motstandsrørsla. I 1944 døydde ungdom Jon Førre av poliomelitt. Dagen før gravferda kom tyskarane til Førre, gjorde arrestasjonar og åt opp det meste av gravferdsmaten. Fleire arrestasjonar vart gjort på Vadla, og fleire vart sendte til fengsel på Grini. (tekst: Hjelmeland kommune) Se i Kartet