Kamp i Liosvingen, Tokke

Fra KrigsKart.no
Liosvingen i Tokke 2021. Dronefoto av Tor Eivind Gardsteig Hommo

Liosvingen i Tokke 3 mai 1940

Sekondløytnant Thor Olaf Hannevig reiste motstanden i Vinje, etter at offiserene på Heistadmoen overgav seg uten kamp. Hannevig samla soldater og våpen, og hadde hovedkvarter i Vinjesvingen.
Kampen ved Liosvingen var den andre kampen for Hannevigs soldater.

Kampen ved Liosvingen i Tokke 3 mai 1940 vart ein dramatisk kamp. Her var naturen perfekt for å ta opp kampen mot fienden. Dei norske soldatane låg og venta på tyske styrkar som kom oppover frå Dalen mot Åmot. Nordmennene hadde lagt ut sprengstoff, som gjekk av når den tyske kolonna med lastebilar og motorsyklar kom kjøyrande. Dei norske soldatane hadde fleire mitraljøser i Børtevegen, som låg på oversida av vegen der den tyske kolonna kom. Det var stupbratte lier og nordmennene sende utover tømmerstokkar, stabbesteiner og «hoppegubber». Angrepet kom overraskande og vart svært dramatisk. Fem tyske soldatar falt og mange tyske soldatar såra. Vart tatt fleire tyske fangar. Ingen norske soldatar falt.

(kilde: Vennelaget for Forsvarsmuseet i Vinje) Se i Kartet