Kampene i Vinjesvingen 1940

Fra KrigsKart.no

Sekondløytnant Thor O. Hannevig (1891-1975) reiste motstanden i Vinje 1940.
Han har blitt kalla «helten frå Vinjesvingen». Kampane der fekk stor symbolsk betydning.

Sekondløytnant Thor Olaf Hannevig (1891-1975). Foto frå Vi Menn febr.2022.



Allerede etter fire dagar, den 13. april, valgte oberst Steen på Heistadmoen å legge ned våpna. Telemark infanteriregiment nr. 3 (IR 3) sine styrkar hadde enno ikkje møtt tyskerane til kamp i det heile.
Sekondløytnant Thor O. Hannevig nekta å overgje seg. Den 14. april 1940 drog Hannevig med to offiserar, nokre soldatar og lastebilar til Vinjesvingen med våpen og anna utstyr frå IR 3.
Hannevig var klar for å fortsette kampen. Han sendte ut mobiliseringsordre til lensmennene i Telemark, med oppmøte stad Vinjesvingen. Folk strøymde til Vinje frå  blant anna Notodden, Grenland, Agder fylka, Vestfold, Oslo, Bergen, Jæren og Kristiansand.
Om lag 120 personar kom frå Vest Telemark. Det var langt frå alle som var i direkte kamp med tyske styrkar, men det er mange andre oppgåver med såpass stor avdeling samla. 
Hannevig fortel i eit radiointervju frå 1965  til NRK at det var 500 mann som meldte seg frivillig. Men det var truleg ikkje meir enn mellom 100 og 200 soldatar på same tid.
På Riksarkivet er det funne eit register på om lag 450 frivillige.

Dei fleste soldatane som kjempa i Hannevigstyrken kom frå andre kommunar enn Vinje.
Forsvarsmuseet i Vinje har ikkje sikker dokumentasjon over andre frå Vinje som kjempa i kampane mot tyske styrkar enn Eivind O. Gardsteig frå Arabygdi, Olav O. Hamre frå Haukeli og Wilhelm Andreas Åkre frå Rauland.

Jønnbroa (Åmot bro) i Åmot 27. april 1940 - Ilddåpen

Ved Jønnbroa (Åmot bro) i Åmot 27. april 1940 var den første kampen mot tyske soldatar, ilddåpen til styrken av Hannevig. Det kom ei kolonne med tyske bilar frå Dalen til Åmot.
Soldatane til Hannevig låg i stillingar ved Jønnbroa og i terrenget omkring broa. Når dei første bilane i den tyske kolonna hadde kome over broa opna nordmennene ild.
Seks tyske soldatar falt og over tjuge tyske soldatar vart tatt til fange. Soldatane som falt var gravlagt ved Nesland Kyrkje. Dei tyske fangane vart ført til Edland. Ingen norske soldatar falt.

Liosvingen i Tokke 3. mai 1940

Ved Liosvingen i Tokke 3. mai 1940 var det ein dramatisk kamp. Her var naturen slik at den var perfekt for å ta opp kampen mot fienden. Dei norske soldatane låg og venta på tyske styrkar, som kom oppover frå Dalen mot Åmot.
Nordmennene hadde sett opp fleire mitraljøse stillingar langs Børtevegen. Den tyske kolonna med lastebilar og motorsyklar kom kjøyrande. Eit øyeblikk seinare var det eit inferno.
Dei store dynamittladningane gjekk av og smella gav voldsom gjenlyd mellom fjella i Liosvingen, der det er  to dalføre med kvar si fossande elv som møtast. Stabbesteinar og tømmerstokkar vart velta utover den stupbratte fjellsida av dei norske soldatane.
Angrepet kom overraskande og fem tyske soldatar falt og mange tyske soldatar såra. Fleire av dei hardt såra tyske soldatane vart kjøyrd til Haugsæl feltlasarett i Bøgrend.
Tre legar frå Porsgrunn og to sjukepleiarar frå Notodden jobba der. Fleire tyske soldatar vart tatt til fange. Ingen norske soldatar falt.

Leirlid bro i Åmot 4. mai 1940

Kamp ved Leirlid bro i Åmot 4 mai 1940. Ein stor tropp med tyske soldater kom frå Høydalsmo mot Leirlid bro, like ved der Forsvarsmuseet i Vinje nå ligg. Soldatane kom marsjerande mot Åmot, der norske soldater låg i stillingar.
Tyskerane hadde tatt ein gammal mann frå Åmot, som levande skjold. Han gjekk foran soldatane.
Nordmennene opna eld når dei tyske soldatane kom inn på Leirlid bro. Nordmannen som var tatt som levende skjold klarte å rulle seg ned i grøfta og kom seg unna. Kampen gjekk over fleire timar og fem tyske soldatar falt.
Ingen norsk soldat falt i kampen ved Leirlid bro. Men ein av Hannevigs frivillige Håkon Bergan vart skoten av tyske soldatar. Bergan hadde eit sjåføroppdrag for løytnant T. Kielland  i IR 3 denne dagen. H. Bergan gjekk i sivile klær.
Når han kom tilbake frå sitt oppdrag møtte han den tyske styrken, og vart dessverre skoten like ved Leirlid bro den 4 mai 1940.

Urdli ved Vamark 4. mai 1940

Den 4. mai 1940 låg sersjant Erik Lie med nokre av sine menn og venta på ei tysk patrulje som var på veg oppover Setesdalen til Haukeli. Dei låg i stilling ved Urdli i nærheten av Vamark. 
Når den tyske patrulja med ni soldater kom, opna dei ild. Det vart kamp og ein tysk soldat falt og seks tyske soldatar vart såra. Bilen vart velta utfor vegen slik at den ikkje skulle bli oppdaga av andre tyske soldatar.
Den døde tyske soldaten vart gravlagd på Kvålen i Haukeli og dei såra soldatane  kom til Haugland i Haukeli og fekk pleie der.
Fangane vart plassert på ungdomshuset Fjellvang i Edland.

Trussel om å bombe og brenne Vinje

Tyskerane trua med å bombe og brenne gardane i Vinje, fordi det var så sterk motstand i bygda. Presten i bygda Agnar Sandvik saman med løytnant Trygve Kielland, gjekk inn i forhandlingar med tyskerane, slik at bygda ikkje vart lagt i ruiner.
Den 8. mai 1940 vart sekondløytnant Thor O. Hannevig arrestert i Vågslid sammen med tre soldater, seks lotter og tjugeåtte tyske krigsfangar.
Hannevig vart deretter ført til Oslo, sammen med mange andre norske fangar.


Kjelder: Navnliste frå Forsvarsmuseet i Vinje og Riksarkivet, «Krigsår 1940-1945» v. O. G. Dale, gjestebok av Haugsæl herbyrge, art. av Arne O. Lie, VTB 8.5.1985, «Vinjesvingen» av Lødrup og «Før seieren» av T. Kielland. Se i Kartet